Denne stilen skreiv Runar i 8. klassen på ungdomsskulen - med hjelp av bestefaren, Erling A. Ylvisåker
Ei historie frå utvandringa til Amerika
Frå midten av det forrige århundret starta ein stor emigrasjon frå Europa til det Nord-amerikanske kontinent. Dette galdt i stor grad dei nordiske landa, og her frå Sogn var det òg mange som ville freiste lukka i det nye landet.
Det første norske utvandringsselskapet drog ut frå Stavanger den 5.juli 1825 med sluppen "Restaurationen". Fram til 1914 emigrerte om lag 800 000 nordmenn til Nord-Amerika. Dei største utvandrings-bølgene kom i åra 1865-75, 1879-93 og 1903-07. Nokre av dei viktigaste årsakene til emigrasjonen, var omleggjinga og mekaniseringa i jordbruket, noko som gjorde at det vart overflod av arbeidskraft. Ein annan grunn var at folketalet i Noreg auka sterkt på den tida.
Om hausten 1910 reiste òg oldeforeldra mine, Gjertrud og Andreas Ylvisåker, til Nord-Amerika. Den viktigaste grunnen til at dei drog, var dei dårlege tidene her heime, saman med draumen om at dei kunne få eit betre liv i Amerika. Då tre av brørne til oldefaren min òg emigrerte, styrka dette trongen til å reise sjølve. Det var sjølvsagt hardt å ta farvel med slekt og vener, men draumen om betre tider i Amerika var så stor at dei bestemte seg for å emigrere.
Etter å ha gifta seg i Nykyrkja i Bergen, gjekk dei ombord i dampskipet "S/S Norge". Dei segla over til England, der dei bytte båt i Liverpool. Frå England tok det 5-6 døgn før dei nådde Manhattan, New York på den andre sida av havet. Etter at dei hadde teke sine første steg på amerikansk jord, reiste dei vidare med jernbana til Austin, Minnesota. Dei slo seg ned på ein farm i Adams, som ligg i nærleiken av Austin. Bestefar min, Erling A. Ylvisåker, vart fødd der i 1911.
I 1918 byrja han på byskulen i Austin. Han har fortalt meg at vegen til skulen var lang, og då bilen ikkje var blitt eit vanleg framkomstmiddel, måtte dei først nytta hesteskyss. Året etter fekk dei likevel bilskyss. Skulebygget var stort med fleire høgder, og i den øverste etasjen var det High School. Bestefar lærte først å snakke norsk hjå foreldra, men på skulen lærte han å beherske det engelske språket. Då bestefar hadde eit så heilnorsk namn som Erling, gjekk det ikkje lenge før han fekk eit tilnamn med meir amerikansk sleng - Ed. Etter at dei hadde vore der i 3-4 år, flytte dei til ein annan farm som dei pakta i 5 år. Etter denne perioden fekk oldefar min arbeid på eit slakteri i Austin som heitte Hormel Packing Company.
Etter 2 år der var dei igjen på flyttefot. Denne gongen gjekk turen til Nord-Dakota og byen Grand Forks. Oldefar min fekk seg der arbeid hjå ein bygningsentreprenør, og bestefar min gjekk på skule inne i byen. Dei flytte enno ein gong då oldefar fekk arbeid på ein farm ikkje langt frå Binford i Nord-Dakota. Bestefar min, som no er 83 år gamal, hugsar enno denne tida godt. Han har fortalt at skulen han no gjekk på låg langt ute på landet, og hadde berre 10-12 elevar. Lærarinna hans heitte Pearl Peterson, og ho er den einaste læraren han kan hugse. Skulevegen hans var over eit stort jorde, der han måtte gå i all slags ver. Han hadde ein einsleg oppvekst, då avstandane mellom farmane var store. Han kan ikkje hugse å ha hatt nokon fast leikekamerat då han budde der, men medan dei budde utanfor Binford, vart dei kjende med ein tysk familie ved namn Evold. Desse budde på ein annan farm, og hadde to born som han ein sjeldan gong leika med. Elles måtte han finne på ting sjølv. Han hugsar at det var mykje slangar der borte, og då desse for det meste var ufarlege, vart dei ofte "leikekameratane" hans.
Etter kvart vart heimlengsla for stor, og dei bestemte seg for å vende nasen mot gamlelandet. Bestefar var då 10 år gamal, og hugsar enno at han stod og såg på Fridomsgudinna då Den Norske Amerikalinje sin båt, "Bergensfjord", stevna ut frå Manhattan. Båten kom til Bergen den 15. desember 1921, og sidan heldt dei seg i gamlelandet. Det amerikanske tilnamnet som bestefar fekk, har sidan vorte hengande på han som ei artig påminning om hans tid i Amerika.
Det var ikkje lett å starte på null i det nye landet. Nybyggjarane fekk som oftast arbeid på ein farm, eller dei fekk utdelt eit landområde som dei kalla "homestead" av staten. Der kunne dei bygge seg ein farm og byrje for seg sjølv. Dei fleste som emigrerte vart verande i det nye landet, og det var ofte blodhardt slit å klare seg.
Oldeforeldra mine var blant dei som kom attende til Noreg utan å ha oppnådd det dei drøymde om. Nybyggjarane tente vanlegvis ikkje meir enn at dei hadde nok til å leva normalt. Livet vart for mange mykje tøffare enn dei hadde rekna med, og det viste seg mange gonger ikkje å vera så mykje betre enn i gamlelandet.