* Litt frå Ylvisåker i Sogndal *




-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her er litt frå "gamle dagar"
Bilete av Fardal - teke i 1914

Her er eit gamalt postkort med bilete teke
frå Fardal utover mot Ylvisåker.
Kortet vart sendt til besteforeldra til
Gunnborg, Gjertrud og Andreas Ylvisåker,
som den gongen budde i Minnesota i
Amerika. Kortet var sendt som julekort,
og er poststempla 14.12.1910
Litt meir historie:
Sogndal Sogelag har i årbok VII frå 1938 skildra Ylvisåker på ein herleg måte. Her er ei avskrift av artikkelen:
"Heimsyn"
Utetter frå Stodi
Den nye brui av 1933, bygd av jarn og stål, ligg på steinkjer i sementstøyp. Ho hev vorte ei breid gata millom "gamlebyen" i Fardalsstodi austum elvi og byluten som no veks fram vestum. Den tunge bilen rusar i veg yver brui og rullar fram med den nye tidi i fylgje ut i grendi på Ylvisåkrs grunn.
Denne store garden, ein gong samla under ei hand, når frå Ådna-Per-grovi i Urdi mot Ylmheim innetter langs sjøen til elveosen og sidan upp alle marker på vestsida av elvi til Merkjesgrovi mot Bjønndal i Øvstedalen.
Vogni fyk utetter gjennom ei heller smal strandbreidd millom sjøen og hamralagi. Mange gamle småheimar kom burt, tidsfolen for gjennom grendi. Ei ny tid rudde, bygde, planta, måla og flidde og umskapa. Og sjå no! Bilhesten susar fram som gjennom eit villastrok
Me når ut til gardarne. Nyevegen er enno ikkje fullferda her, og vogni hufsar ilt på seg medan ho flyg um neverne i tuni. Nyetidi hev nått innpå deg bonde! Du må sjå deg fyre når du stig um dørstokken, og når du steller millom husi dine eigne.
Her umkring vegen låg gamle samtunet for alle bruki. Etter utskiftinga i 1893 flutte sume og bygde på romlegare stad, men dei kom seg ikkje langt, og då bonden no reiste større hus, låg den nye husklyngja likevel tett nok og trong romet sitt. Nokre hundrad meter lenger ute på neset bur tvo bønder åleine. Dei hev funne ein logn tunstad på uppsida eller lesida av ytste haugariset på Ylvisåkrneset. Derifrå vende stovorne augo vaktsame mot almannavegen som smett ut etter bøen i geili millom gjerdi langt uppe på heimejorderne. På utsida av neset svingar strandi tvert inn mot foten av lidi, ho ormar seg i bugter um knausarne med små vågsbotnar imillom. Der heng fiskegarni.
Gjenom Urdi hev vegen sprengt seg rom i fæl ulenda. Han hev no vorte fin bilveg og fører ut til merkjet mot Ylmheim.
På nordsida av garden ris høge fjell som er sudaustre vombi av Skriki (1265 m.). Sida som vender mot fjorden ber namnet Ylvisåkrfjellet. Bergi er ville og so breide um barm at bruni stengjer sola ute frå garden sumardagen alt ved yktabil um ettermiddagen (kl. 6).
Dei høge bergi heng yver husi. I røykstovorne sat folki innar i benken og såg fjellet gjennom ljoren. Høgste topparne heiter Brotanobbi og Staven, den siste ytst. Uppe i flogbergi ligg Ryslbotn, ein rysjeleg kvelv som ein berre kan nå ovan fjellet. Haustdagen må kararna kliva ned i det fårlege lendet og bala med smalen, småfeet likar seg i desse skorerne. Nedum botnen ligg den namngjetne Pålshella.
Mang ei kåt fjellgrov fossar ned stupi i Ylvisåkrmarkerne:
Kinngrovi, Skurva og Brota heiter nokre, og i fjellet ovum garden kjem Fjellgrovi eller Nesagrovi syngjande, utøymande heng ho som eit kvitt band i bergveggjerne.
Me finn garden nemnd fyrste gongen umkr. 1316 i ei skattelista til Ylmheims kyrkja. skriven Ylfwis ákre. Eldste bondenamnet me hev funne er Gullbrand (1522). På 15-talet ligg Ylvisåkr kløyvd i fleire bruk.
Namnet (også forsøkt forklart i Sogndal sogelag si årbok VII frå 1938):
Garden heitte ein gong Ullvinsákre. Dette byrge namnet fekk i danetidi utruleg mange skrivemåtar. 1563 Ullfuesaacker, 1567 Ullindtzagger,1645 Ulvidsager, osb.
Ullvinsákre hev havt namnet etter guden Ull sambunde med vin og ákre. I utgamal tid dyrka nordmennene Ull som ein storgud, den strålande himmelguden. Hellenarane kalla den same gude Apollon. Ull måtte seinare gjeva makti til andre og vart då idrottsgud for ski- og skeisesigling. Ingen gud kjem att i so mange norske gardsnamn som Ull, soleis i Ulvik, Ullnes, Ullensvang, o. m. fl. Vin tyder eng. Åker skreiv dei ákr, eit ákre var ei mark lagleg til åker. Segjemåten nå er Ylvisåk, ei form som tykkjest snaudklipt nok til skriftleg bruk. Dei andre ákre-nami våre er Dalákre og Haustákre, skrive ákre i matrikkelen

Her er tre av "gamlekaradn" på Ylvisåker. Alle er nå borte.
Frå v. Erling Ylvisåker (far til Gunnborg), Olav L. Ylvisåker og
Johan Skarsbø.