Slekta vår
Slektstre som syner Kristine, Runar, Tor Einar og
Geir Ove sitt "opphav" i 3 generasjonar:
Nedanfor finn du ei oversikt over familiane våre. Klikk på slektsnamnet og du vil få fram ei oversikt over dei nærmaste slektningane.
Du finn kanskje ein del "hol" i oppsettet, og har du opplysningar om personar som manglar, eller du oppdagar feil - så send meg gjerne ein kjapp mailLyngset
Bestefar til Oddvar på farsida - Ellend Lyngset - kom frå Frønningen. Han var gift med Brita Åsen Lyngset - også frå Frønningen. Dei busette seg på Hamre i Leikanger og fekk 5 born.Åsen
Oldefar til Oddvar, Ellend Åsen, budde på Frønningene og var far til Brita ÅsenSvedal
Bestefar til Oddvar på morsida - Torstein Svedal - kom frå Svedalen i Sogndalsdalen. Han gifte seg med Sigrid Husabø frå Krokagarden på Leikanger, og dei busette seg i Baldershagen på Leikanger og fekk 4 born.Husabø
Bestemor til Oddvar på morsida, Sigrid, kom frå Krokagarden i Husabø på Leikanger. Ho gifte seg med Torstein Svedal frå SogndalViland
Bestemor til Gunnborg på far-sida, Gjertrud, kom frå garden Viland i Fardal. Oldeforeldra var Sigrid og Johannes Viland.Ylvisåker
Bestefar til Gunnborg på fars-sida er fødd på på "Sørengarden" på Ylvisåker i Fardal. Foreldra hans var Erlend og Gjertrud Ylvisåker. Tre av sønene deira utvandra til Amerika. Den eine - Andreas, bestefar til Gunnborg - reiste tilbake til Norge.Pettersen
Besteforeldra til Gunnborg på mor-sida, August Werner Pettersen og Inanda Pettersen, budde i Svelvik. Dei fekk 5 born.