danelogo.jpg(28093 bytes) 

usa_gl.gif (50830 bytes)

* Våre amerikanske vener *

 

 wpe4.jpg (5949 bytes)

Det heile starta med at Runar i 1994 vart plukka ut til å reisa som utvekslingselev frå Sogndal ungdomsskule til ein skule i Dane County, Wisconsin.   Før Runar vart utplukka som ein av to  frå Sogndal som fekk reisa, skreiv han ein stil om oldeforeldra hans si utvandring til - og tilbakereise frå - Amerika.  Studentutvekslinga var eit ledd i feiringa av 150 års markeringa for den første norske utvandringa frå Sogn til Amerika.  Runar var der borte i 6 veker i 1994, og hadde eit flott opphald hjå familien Kleven i Deerfield, Wisconsin.

Sommaren 1995 hadde vi besøk av Cody Kleven frå Deerfield  som ein del av utvekslingsprogrammet mellom Sogndal kommune og Dane County.  Det var utruleg kjekt å ha Cody hos oss, og dette førte etterkvart til at det vart knytte sterke band mellom Cody sin familie - Runar sin vertsfamilie - og oss her i Sogndal. 

 runar_cody.jpg (36658 bytes)   Cody og Runar på flyplassen i Madison

I 1997 vart vi inviterte til USA som gjester hos familien Kleven, ein invitasjon vi - rett nok etter litt nøling - takka ja til, men som vi  ikkje har angra på. Vi hadde då  - saman med familien Kleven sine vener - ein flott tur vestover gjennom Midt-vesten.  Turen gjekk frå Wisconsin - gjennom Minnesota, Sør-Dakota, Montana og Wyoming.  Alt i alt var vi 8 familiar på turen.  Vi hadde nokre dagars opphald i Cody, Wyoming, og hadde der utgangspunkt  for ein todagars tur gjennom Yellowstone nasjonalpark. 

Nokre linkar til stader vi vitja under turen - og som trygt kan anbefalast for andre:

Buffalo Bill Historical Centre
Cody Nite Rodeo
Yellowstone National Park
Mount Rushmore
Badlands National Park
Devils Tower
Bear Country
Deadwood

Så nokre fotos frå turen:

kids.jpg (50809 bytes)
Juniorane i reisefølgjet - fotografert i Cody, Wyoming
jentene_cody.jpg (57185 bytes)
Damene samla på Ponderosa Campground, Cody
gutta_boys.jpg (54793 bytes)
Gutta boys
rafting.jpg (57143 bytes)
Rafting på Wyoming River
 

Klevens.jpg (754295 bytes)
Kelsey, Jane og Cody Kleven på besøk hos oss i Sogndal i 1999. 
Her frå ein tur vi hadde til Nigardsbreen

Til hovudsida